På søndag flytta tida seg fleire 10-år tilbake i tid i Lifjorden, mange lifjordingar samlast til mimrekveld i Lifjorden bygdehus Det blei vist gamle filmar som vart filma på super 8 rullar, desse var på førhand digitalisert, bilete frå fleire 10-år tilbake i tid og ein gjennomgang av gamle skulehuset var på tapeten.
Over 30 personar kom å mimra Foto: Cecilie Løvø Amundsen
- Det kom eit innspel til styret for mange år sidan at ein ynskja å samlast ein kveld for å mimre tilbake til Lifjorden i gamle dagar. Det har vore tema i fleire år utan å få det til men endeleg fekk vi bestemt oss for ein dato, seier bygdelagsleiar John Bårøy
Ein etter ein kom bygdefolket inn døra, med seg hadde dei kva sin matrett. Det var lagt opp til korgfest der alle tar med seg litt kvar og så vart det laga til koldtbord.
Det var rettar i alle slag, varme som kalde og noko attåt kaffien. Av alt som kom innom døra var det kun ein ting som var likt, lappar. Men kan det blir for mykje lappar?
- Var det mykje arbeid med koordinering av alle rettane?
- Ikkje i heile tatt! Alle kunne ta med det dei ynskja så at det er så stor utval er jo heilt fantastisk, folk har vore kreative!
Frå omgangsskule til skulehus
Det var ikkje berre bilete og video som vart synt fram, Jens Christian Lundeland hadde eit lite foredrag om skulegangen si historie frå 1539 fram til skulehus og det som meir kan minnast dagens skulesystem.
Skulehuset i Lifjorden vart bygd i 1894 av nytt og godt tømmer men utan kjellar, arbeidet med kjellar starta fyrst i 1936. Samstundes vart uteområdet utvida for betre leikeplass.
Jens Christian hadde med seg eit skrin som omgangslærar Mikael Jensen Slinde brukte. Skrinet er frå 1844 og vart brukt til å ha bøker og skrivesaker i, det kan tenkast at det også var litt klede der.
Det er tydeleg at temaet er interessant, salen fyljer spent med.
Heile historia frå omgangskule til skulehus kan du lese i årets utgåve av sogeskrift som kjem ut i slutten av november.
1: Jens C fortel om skulegangen si histiore 2: I høgre lomme er det fortsatt synleg merker etter det som truleg er blekk Foto: John Bårøy
Risnes, bruk 4 (Bendikgarden)
Det var ikkje berre fastbuande Lifjordingar som var til stades, det var også blant anna Kjell og Sigrun Sundby. Sigrun slektast til garden og har brukt store delar av somrane i Lifjorden frå ho var lita.
Samstundes som bileta over garden kom opp på skjermen fortalde Sigrunn lidenskapleg historiar frå gamledagar. Resten av salen kom med eigne historie og spørsmål.
Bendikgarden som den blir kalla på folkemunne i dag kjem av siste drivande gardsbrukar, Bendik Risnes f. 1912. I dag er garden brukt som fritidsbustad
Kva var det beste med å komme til Lifjorden på sommaren? - Det var fellesskapen, møte heile familien med fettar og kusine, skulefri og ha det så fritt. Ungane fekk og lov til å vere med på alt, også voksen arbeid som raking og hesjing, det var jo berre kjekt. Når det regnar fekk vi bruke låven som leikeplass.
Vi fekk plukke bær og ta med heim og sylta å safta til heile vinteren.
Korleis reiste deke frå Bergen til Lifjorden?
- Det var med dampbåt frå Bryggen til Risnes kai, av og til vart vi henta på Risnes kai med hest og vogn. Båten brukte 10-11 timar seier Sigrunn utan hatt ho kan sei det heilt sikkert.
Bendikgarden i vinterlandskap Foto: Sigrunn Sundby, Ukent fotograf
Suksess!
Det var eit breitt spekter i alder som var på mimrekveld heilt ned til ungdomsskulealder, alle hadde nok ikkje same grunnlag for å mimre så mykje men tykte det var kjekt å sjå korleis bygda var før.
Ein av desse var Ingrid Hatlem Skår
- Eg synest det var veldig kjekt med mimrekvelden på Kleiva! Moro å sjå bilete og film av både folka og Lifjorden frå tidlegare tider. Godt tiltak! seier Ingrid.
Blir det fleire slike kveldar?
Det kan John bekrefte alt no.
- Ja! Dette var eit prøve-prosjekt men med så mange gode tilbakemeldingar må vi dra i gong ein kveld til. Vi har endå ein del material som vi ikkje fekk vist fram i dag og meir kjem nok til. Vi har ikkje sett noko ny dato endå og det blir nok ikkje på denne sida av året.
Foto: John Bårøy, Cecilie Amundsen, Sigrunn Sundby, Ingrid Skår
Comments