top of page

Kjærkomme sanitærbygg på plass på Lekva

  • Forfatterens bilde: Lifjorden Bygdelag
    Lifjorden Bygdelag
  • 7. aug.
  • 6 min lesing

Oppdatert: 8. aug.

Det er brukt over 4 millionar på ny parkeringsplass og sanitæranlegg på Lekva, no har fjellfolket fått eit strålande utgangspunkt.


Det nye sanitærbygget er tilrettelagt med toalett, dusj og er handicapvenleg
Det nye sanitærbygget er tilrettelagt med toalett, dusj og er handicapvenleg

I utgangspunktet var ikkje ny parkeringsplass og sanitæranlegg ein del av prosjektet med oppgraderingar av turstiane til Lihesten, men med friske midlar frå Trond Mohn kunne det blåsast nytt liv ei ein gammal draum.


Prosjektgruppa hadde eit ynskje om å betre parkeringsforholda på Lekva men eit stramt budsjett gjorde at det måtte komme i andre rekke. Med friske midlar såg ein at ein hadde rom for det og dermed var prosessen i gang.


Men det var ikkje berre å utvide eksisterande parkeringsplass, det måtte tenkast nytt. Området den gamle parkeringsplassen låg på hadde lite rom for utviding utan å ta av aktivt jordbruksareal, eit utbrukt område 100m vekke vart løysinga.


Det vart tidleg klart at for å kunne hente maks ut av ulike tilskotsordningar måtte Hyllestad Kommune inn som prosjekteigar. Oddvar Hatlem, som også satt i prosjektgruppa: Turstiar til Lifjellet, vart innleigd som konsulent/prosjektleiar.


Hildegunn Hatlem, kommunalsjef for oppvekst, kultur og idrett seier at det har vore mykje snakk i administrasjonen at Hyllestad har veldig mange turvegar men at ein må begynne å legge meir til rette slik at folk kan bruke det.  


- Lihesten var ei naturleg stad å byrje då den var så kjend frå før, det gjer og at ein har fått mykje velvilje får fylket og sponsorar som Sparebankstiftelsen som ser at det kjem til å bli mykje besøkt, seier Hildegunn.


Den gamle parkeringsplassen var smal og for liten for dagens trafikk. Vist den fyrste bilen hadde ei dårleg parkering  forplanta problemet seg. Denne dagen var det ganske god parkering.
Den gamle parkeringsplassen var smal og for liten for dagens trafikk. Vist den fyrste bilen hadde ei dårleg parkering forplanta problemet seg. Denne dagen var det ganske god parkering.

Ho rosar også Oddvar som har vore flink å koordinere prosjektet og dreg fram den gode prosjektleiinga frå hovudprosjektet der Jens Christian Lundeland sitt som prosjektleiar som ein viktig del for at kommunen tok fatt på oppgåva. Prosjekta heng i hop og det ser ein synergieffektar på.


Dei er også avhengig av at bygde- og grendalaga er delaktig i slike prosjekt rundt om i kommunen.


- Utan ein avtale med Lifjorden Bygdelag hadde vi aldri kunne realisere prosjektet, fleire søknadar krev ein drift- og vedlikehaldsavtale over fleire år og det klar ikkje kommunen å stille med åleine. Derfor er slike avtaler med bygdelaga heilt avgjerande, seier Hildegunn.


Leiar i Lifjorden Bygdelag, John Gerick Bårøy er heilt klar på at om ikkje Hyllestad Kommune hadde vore så positive til prosjektet å støtta det, hadde det aldri blitt noko av.


- Vi har ikkje finansielle musklar til å klare eit slik prosjekt åleine, men vi skal gjere det vi kan for å få det til, seie John.


Hyllestad kommune har ikkje berre stått som byggherre for å få tak i flest mogleg midlar, dei har også gått inn med fleire hundre tusen frå eiga lommebok.


I tillegg gjer ordningar som tippemidlar, gåver frå private og offentlege og tilskotsordningar at slik prosjekt kan realiserast, men sjølv om midlane strøymer inn betyre det ikkje at dugnad ikkje er ein viktig del av slike prosjekt.


- Når tomta var sikra var det ikkje vanskeleg å få folk med på dugnad. Tomta skulle blant anna ryddast for skog og var ei av fleire dugnadar som bygdelaget har forplikta seg til i prosjektet.



Det har i mange år vore eit ynskje frå bygdefolket og spesielt naboar å få gjort noko med høva rundt den gamle parkeringsplassen, men det vart aldri noko mein enn eit nytt lass med grus.


- Utfordringa var klart kapasiteten og det var avgjerande at fyrste bil hadde ei god parkering for ikkje å ta opp meir plass ein det som var naudsynt.


Nærmaste nabo til den gamle parkeringsplassen Sigfrid og Bjarne Pedersen synast det er heilt supert og ein lettelse å få parkeringa litt lenger vekk.


- Dei aller fleste hyggelege og greie men nokon er i overkant frekke, seie Bjarne og kan fortelje om den gongen han plutseleg fant ein flat stien bak ei busk i hagen for nokre år sida.

Han stussa litt på kor den kom frå og når han sjekka litt nærmare såg han at det låg, det han sjølv kallar for skikkeleg mannskit under.


Det er ikkje berre do-trengde som la spor etter seg, med mykje folk fant dei også litt småboss som låg att.


- Vi prøvde å sette opp eit bosspann men det var ingen som tømde den så det fauk til slutt overalt, det var ikkje noko godt system, seier Sigfrid


Ho synast at det er heilt topp at det blei laga ein ny parkeringsplass men fortel at ho ikkje hadde heilt trua på at det kom til å bli når ein byrja å snakke om det for fyrste gong.

 

No har bygget vore i drift nokre veker og både John og Oddvar har høyrt mykje godt om fasilitetane, det er heilt tydeleg at dette var eit sårt trengt tilbod.


Lisa og Nils kjem frå Tyskland og har vore å Noreg i omtrent ei veke. Dei bur hovudsakleg i bilen og reiser rundt i Noreg og har alt gått på fleire fjell.


Lisa og Nils frå Tyskland brukar ferien på å oppleve Noreg og å gå på fjell dei har lest om på nett
Lisa og Nils frå Tyskland brukar ferien på å oppleve Noreg og å gå på fjell dei har lest om på nett

At det er mogleg å gå på do her ute synast Lisa og Nils er heilt fantastisk, spesielt når det er vanskeleg å finne offentlege toalett i området. At det i tillegg er mogleg å ta seg ein dusj etter ein varm tur på fjellet var også ein stor bonus.


-Det er så fint at det også er så rimeleg, seie Lisa som rosar tiltaket med god parkeringsplass og sanitærbygg


No skal dei vidare nordover mot Nordfjord og håpar fleire legg til rett for turistar.


Dei som brukar anlegget må betale kr 20, det gjer dei med bankkort og dei alle fleste typar, også kontaktlaus betaling er støtta. Inntekta går til bygdelaget og går til å drifte anlegget.


- Sjølve løysinga er ei abonementløysing som også tar provisjon pr transaksjon, vi håpar vi går noko lunde i null på eitt år. Det ser lovande ut, på ei lita månad har vi hatt knappe 200 betalande innom og det er meir enn eg hadde håpa på. På det meste har vi hatt 20 brukarar på ein dag,  seier John


- I tillegg ser vi at veldig mange går i lag med nokon, når ein kjem ut går den andre inn, så talet på brukarar er nok ein del høgre. Akkurat som når vi er i by’n, seier John og smiler.

Reinhald blir gjort på dugnad av bygdefolket etter oppsett liste.


- Ein har valt løysingar som skal gjere det lett å vedlikehalde og gjere det daglege reinhaldet, seier Oddar


Når bilar no trillar inn på den nye parkeringsplassen blir det teken foto av bilens registreringsnummer. Du treng ikkje billett og det heile skjer heilt automatisk.


John og Oddvar monterar skilt som syner at du køyrer inn på ei parkeringssone med kamera
John og Oddvar monterar skilt som syner at du køyrer inn på ei parkeringssone med kamera

Vi diskuterte ein del korleis vi skulle krevje inn parkeringsavgift, «frivillig» med vipps eller ei kameraløysing på eit årsmøte, fortel John. Det var klart å føretrekke ei kameraløysing slik at ingen kunne snike seg unna sjølv om det medfører ekstra ein kostnad og.


Kamera registrerar inn- og utkøyring, deretter kan du betale via inpark.no med vipps eller kort. Om du ikkje vel å betale på staden eller 24 timar etter parkering vil du få ein faktura i posten eller e-post for dei som har registrert brukar.

Ved å gå for denne løysinga får vi også med oss dei utanlandske bilane, fortel John


- Det er fleire som har komme bort å lurt på korleis dei kan betale for å stå der av utanlands- turistar men det var ikkje mogleg når vi berre hadde Vipps. Mange vil gjerne betale litt når det er tilrettelagt.


I ein periode før kameraløysinga var på plass var det eit skilt som viste til betaling via vipps.


- Eg hadde eit par stikkontrollar for moro når det kunn var vipps , det viste mellom 50-80% som betalte på dagar med litt trafikk. Eg har til og med sett folk som har sett på skiltet og gått vidare men det er sjølvsagt mogleg dei betalte når dei kom attende, det var nokon som gjorde det slik.


Prosentandelen samsvarar med erfaringa som andre har gjort med å berre bruke ei vipps løysing på parkeringsplassar, dessutan er det ikkje alle som har vipps.



Gjennom heile sommaren har det vore mellom 10 og 20 bilar innom kvar dag.
Gjennom heile sommaren har det vore mellom 10 og 20 bilar innom kvar dag.

Sjølv om kapasiteten på parkering er kraftig auka ser bygdelagsleiaren at behovet for endå ei utviding kan komme i nærmare framtid. Kan det vere ein 71 grader nord effekt vi ser her?


- På dei travlast dagane har det vore heilt fult her med over 30 bilar, det viser berre kor stort behovet har vore. Fleire og fleire oppdagar Lifjellet og folk kjem langvegsfrå for å oppleve det.


- No er vi berre glade for det som er kome på plass og gjer oss klar til offisiell opning av stiar og parkeringsplass 23. august.




 
 
 

Kommentarer


bottom of page