top of page
Forfatterens bildeLifjorden Bygdelag

Verdt å ta sjansen

Oppdatert: 4. okt. 2020



Runar og Vidar framfor hovudinngangen. Foto: Vidar H 

Det seier Vidar som nett er kommen heim etter 11 veker som utvekslingsstudent i Afrika.


For tida studera Vidar Hatlem (22) fysioterapi på Høgskulen på Vestlandet (HVL) i Bergen. Han er no inne i sitt 3. av 3 år og held no på med Bacheloroppgåva si, neste år ventar det 1 år turnusteneste som fysioterapeut, før han kan få autorisasjon og lisensen sin. Frå før har han studert idrettsfag på Firda vgs på Sandane, før han flytta til Sogndal for å ta eit årsstudium i personleg trening.


Utveksling til Tanzania.


- Vi var ein gjeng på fem som søkte mest for moro eigentleg. Det enda opp med at tre trakk seg, men vi to som var igjen synast det var ein spanande tanke. Brått var vi oppi det heile og var med på utvekslings- og infomøte, seier Vidar som også reiste med totalt seks andre frå klassen til Tanzania.


I løpet av kvar praksisperiode er det nemleg slik at studentane frå HVL kan søke seg til utvekslingsplassar om ein ynskjer. Tredje års praksisen i fysioterapi omhandlar sjukehuspraksis. HVL har samarbeid med sjukehus både i Tanzania og Brasil. Vidar ende altså opp på sjukehuset Kilimanjaro Christian Medical Centre (KCMC) som ligg nær byen Moshi i Tanzania.


- Ein gjørmesti


Å reise til Moshi i Tanzania er ikkje akkurat som å sette seg på charterflyet til Rhodos. Det tar nemleg 16-18 timar å reise frå Bergen til Tanzania med fly og ytterlegare 1-1,5 timar i bil for å komme seg til Moshi.


Vidar fortel at det var ganske merkeleg å køyre på feil side av vegen, elles var vegen ganske god standard på, det var heilt til dei kom fram til vegen inn til huset. Der var vegen det vi vil kalle ein holete gjørmesti, som regel var vegane slik når du kom litt ut forbi hovudvegen.


- Korleis var bu forhalda dykkar? - Vi budde i eit eige hus innanfor området til sjukehuset med gjerde og vaktar, så vi følte oss ganske trygge. Vi kunne heldigvis bevege oss fritt rundt utafor området også. Gjennom heile perioden budde vi også i lag med studentar frå andre land som Tyskland, Nederland, Australia og New Zealand, seier Vidar


Store kontrastar


- Sjukehusa i Tanzania er vel ikkje heilt som Førde og Haukeland? - Nei, langt i frå, kapasiteten er mykje mindre. Mange pasientar må ligge på gangen og 8-10 personar blir plassert i eit og same rom. Men det skal seiast at ikkje alle avdelingane var like gale, nokon var betre enn andre, kan Vidar fortelje.


- Kva gjorde sterkast inntrykk dei fyrste dagane på sjukehuset?


- Det er sjølvsagt mange nye inntrykk når ein kjem til eit nytt land, spesielt når ein kjem til eit sjukehus. Eg starta sjukehus tilværelsen med å vere på den ortopediske avdelinga. Der ligg pasientane som har hatt brot strak ut i ei seng i 6-12 veker, alt etter kor alvorleg brotet er.


- Pasientane ligg der med eit tungt lodd hengande i t.d. foten for at beinet skal komme i rett posisjon og gro riktig.


- Medan i Norge operera vi, gipsar og sender pasientane heim igjen same dagen. Dermed så luktar det for å seie det mildt, ganske stramt på denne avdelinga når dyner og bein blir løfta på etter 12 veker. Det var nok det sterkaste inntrykket i byrjinga, men heldigvis blir ein fort vandt til det meste, kan Vidar avsløre.


Swahili - gav ikkje meining i det heile


Det er fleire ulike språk som praktiserast i Tanzania men Swahili rekna som nasjonalspråket. Engelsk blir også mykje brukt, og faktisk er også engelsk rekna som eit av dei offisielle språka i Tanzania


- Var engelsk mykje brukt på sjukehuset eller vart språket ei utfordring?

-Dei aller fleste legar, fysioterapeutar og anna helsepersonell på KCMC snakkar engelsk. Det var veldig godt å ha den tryggheita med å kunne snakke med anna helsepersonell medan ein var på sjukehuset, uttalar Vidar.


- Med pasientane som kunn snakka swahili var det ei utfordring. Vi hadde eit 10 timars kurs i Swahili i Bergen før avreise, men i byrjinga var språket både vanskeleg og gav ikkje meining i det heile. Etterkvart lærte ein småord slik at ein klarte å få nokolunde kommunikasjon med pasientane gjennom arbeidsdagen.


I 4 av dei 11 vekene jobba han på Spinalenheten på sjukehuset KCMC. Der kunne mange av pasientane engelsk og han kunne dermed bruke dei andre pasientane til å kommunisere på ein fornuftig måte med pasientane som ikkje snakka engelsk.


- Korleis var arbeidskvardagen din i Afrika? - Dei to første vekene fekk vi vere med på alle avdelingane på sjukehuset, vi fekk observere korleis undersøking og behandling blei gjennomført. Deretter skulle vi velje kva avdelingar vi ville vere på. På førehand hadde vi fått beskjed av høgskulen om at det var lurt å velje berre 1-2 avdelingar å vere på under opphaldet, dette for å kunne gi best mogleg pasientoppfølging.


- Den første avdelinga eg valde var spinalenheten der ein jobbar mest med ryggmargs skadar etter t.d. Trafikkulykker. På denne avdelinga var det også pasientar som hadde tuberkulose i skjelettet som vi måtte jobbe med.


- Den andre avdelinga heitte “outpatient”, her var det blant anna tidlegare pasientar på sjukehuset som kom inn til rutineoppfølging og vidare behandling. Hovudpasientgruppa her var dei med korsryggssmerter og slagpasientar, men eg jobba mest med korsryggar og ein del skulderproblematikk.


- Ein blei veldig sjølvstendig i sjukehuspraksisen i Tanzania, det vil eg tru kanskje er ein av dei største fordelane, men også ein av ulempene sidan vi ikkje fekk så tett oppfølging av rettleiar. Dette utfordra oss til å sjølv finne svar på kva som var det beste for pasienten.


- På alle avdelingane var det også turnusfysioterapeutar som ein kunne jobbe saman med om det var noko som var vanskeleg.


- Arbeidsdagane var som regel frå 09:00-14:00, men utan matpause. Så vi blei godt vande med å klare oss på lite mat og vatn, men til gjengjeld kosta maten i kantina 16 NOK for ein full tallerken etter endt arbeidsdag.


Nesten som på film


Foto: Vidar H

Det er spesielt ein episode Vidar vil trekke fram som ei hending utanom det vanlege. Dette hendte på safari på ein camp mellom nasjonalparkane Serengeti og Ngorongoro.


Vi var på dag tre av safari og skulle overnatte på den siste campen. Vi hadde med eigen kokk som laga middag for oss, men denne kvelden tok det litt tid så vi blei sittande lenge i matsalen.


- Etterkvart merkar vi at det var noko som var på ferde, det hadde mørkna heilt ute og det kom ein ganske så bleik tyskar inn i matsalen. Han fortel at det har vore ei løve på toalettet. I tillegg til dette var det ein heil bøffelflokk som gjekk rundt på teltområdet. Med andre ord avventa vi leggetida litt denne kvelden til alt hadde roa seg litt, smiler Vidar.


- I 02:30 tida vakna eg brått av at det var noko som gnikka seg opp mot teltet vårt berre 10cm frå hovudet mitt. Begge to sette seg lynkjapt opp og vi kom oss så nære midten av teltet som mogleg. Bøflane fortsette å gni seg oppover teltet i lenger tid, og når dei endeleg gav seg, kunne vi fortsett høyre dei 600-900kg bøflane puste og pese ute rundt teltet.


- Vaktene prøvde å jage dei vekk, men i frykt for å gjere dei aggressive måtte dei berre gi opp.


- Det var ei skremmande, men også svært spennande oppleving, fortel Vidar.


Måtte skrote ferien, hamna i staden rett i karantene


Foto: Vidar H

Opprinneleg hadde dei to kompisane bestilt seg ein velfortent ferie etter at utvekslingsperioden var ferdig. Turen skulle gå til Sør-Afrika der dei skulle nyte og oppleve landet i ti dagar før dei skulle ende opphaldet sitt med fire dagar på dei kjende strendene på Zanzibar.


Men når det berre var tre arbeidsdagar att kom beskjeden dei lenge hadde frykta. Korona hadde no spredd seg til Europa. Noreg og norske myndighetar ba alle nordmenn på reise om å komme heim. - Det var jo sjølvsagt dumt, men når ein ser på det i ettertid var det nok lurt at vi ikkje blei igjen. Få dagar seinare vart flyplassane i Sør-Afrika stengt og det hadde vorte vanskeleg å komma seg heim, seier Vidar


Noreg hadde då sett strenge karantenereglar for dei som kom frå utlandet. For å unngå eventuell smitte fekk han bilen sin levert på flyplassen, dermed kunne han køyre rett heim utan å sette andre i fare. Vidar flytta rett inn i huset på Haugane, godt unna folk, men med ei nydeleg utsikt. Her blir han sittande i 14 dagar.


- Men heilt fri får du vel ikkje? - Neidå, det får eg ikkje. Eg må jobbe med bacheloroppgåva, og forberedelse til eksamen i klinisk fysioterapi. Det er endå ikkje sikkert kva som skjer med eksamenen sidan alle skulane for tida er stengde, men bacheloroppgåva skal vertfall gjennomført som planlagt.


- Hadde du fått moglegheit til å gjere det igjen, hadde du reist? - Ja, heilt klart! Ein sit att med mange fine opplevingar både på og utanom arbeid. Ein får og eit unikt innblikk i korleis kulturen i Afrika skil seg frå Noreg sin.


- Eg trur nok eg har fått like mykje ut av praksisen som dei som har vore heime i Noreg, og om det er noko eg har gått glipp av vil eg truleg opparbeide meg den kunnskapen i turnustenesten.


Bileteserie frå turen.

Alle foto: Vidar H.
386 visninger0 kommentarer

Siste innlegg

Se alle

Comments


bottom of page