Marius kan køyre i timevis, treng berre å fylle tanken av og til på seg sjølv og båten.
Etter fleire år med sparing og venting kom endeleg båten på fjorden i Lifjorden.
Møt Marius Løvø Amundsen, på mange måtar ein heilt normal 12 åring som er glad i å vere ute og helst få vere med å jobbe med noko. Men det er ein ting som kanskje skil han litt frå andre 12 åringar.
Han har nemleg ein stor lidenskap for båt og spesielt båtkøyring, byr sjansen seg er han ikkje tung å be og du finn han nok ut på fjorden.
No har han gått til innkjøp av ein ny båt og mesteparten av båten er det han sjølv som har betalt, det har vore mange timar jobb som ligg bak. Alt av pengar dei siste åra frå bursdag har han spart opp og til jul var det pengar som stod på ønskelista, dei skulle sjølvsakt gå til båt. Om somrane har Marius vore med bestefaren i siloen og nyleg selde han sin gamle båt.
Dei leita ein del på finn.no og fant ein par gode kandidatar og ringte på fleire men når svara uteblei fant dei ut at det berre var å kjøpe seg ein ny sjølv.
- Det var ein som sa vi kunne få den men so klarde han å ombestemme seg, seier Marius.
Blir aldri lei
Med finansieringa i orden var det berre å reise av stad å få tak i båt, men det skulle vise seg at det ikkje var så lett. For planen var eigentleg at båten skulle kjøpast om våren, men med koronaen vart det vanskelegare å skaffe båt. Og når endeleg båten var på plass, ja så var det motor som var forsinka.
Med jamlege telefonar til Døskeland Marine for å høyre om det var noko framgang rundt båten kom endeleg beskjeden Marius hadde venta så lenge på, båten var klar for henting!
Fredags morgon i haustferieveka bar det rett til Sande for å hente båt, heldigvis var det litt att av haustferien slik at det an å køyre litt også.
Og køyring vart det. 10 timar innkøyring skulle motoren ha, det var unnagjort alt dagen etter. På spørsmål om kor mange timar det har blitt i løp av helga ( i skrivande stund søndag ettermiddag) svara Marius litt forsiktig
- 11 timar
Men her må nok mor, Cecilie Løvø Amundsen korrigere ligg, etter eit lite resonnement konkludera dei med at det er nok nokre fleire timar som har gått med.
- 15 timar kanskje, eller snart fyrste service då, seie Marius med eit smil som forøvrig er etter 20 timar.
Er den like stor som den du hadde?
- Nei, denne er større! Og så har den ratt og kontrollboks, det hadde ikkje den gamle.
Bak sitt det ein liten 9.9hk Yamaha, akkurat nok til at Marius kan køyre den.
Faktahjørnet: Det finst ingen nedre aldersgrense for å køyre båt men er du under 16 år er det tre føresetnadar som må vere oppfylt.
Båten må ikkje overstige 8 meter
Båten kan ikkje ha større motor enn 10hk
Båten skal ikkje gå fortare enn 10 knop
Med ei værmelding som viser full sol ei heil veke er nok sjansen stor for at det blir nokre rundre til
Meir friheit men større ansvar
Interessa for båt har Marius hatt så lenge han kan hugse, han har alltid vore på ut på fjorden sidan han var liten og noko av interessa ligg og i slekta.
Det begynte for alvor då han var 4 år og fekk sin eigen liten båt.
Med ny båt føl det også med større ansvar. Før fekk Marius lov å køyre mellom naboen og den yste hytta, men med ny båt fekk han og innvilga større område å boltre seg på.
- No kan eg køyre heilt til Vigdis og inn på vågen, forklarar Marius medan han gliser.
- Han er veldig flink til å sei i frå kor han skal og kor han køyrer og om det er greitt om han reiser no. Han informera oss godt så då er det greitt, seier Cecilie
Du blir vel kaptein du då når du blir stor?
- Nei
Men noko praktisk blir det nok, for noko kontor blir det vertfall ikkje.
Comments