John er godt nøgd med at så mangen vel å pante.Foto: Lifjorden Bygdelag
I vel 2 år har Lifjorden Bygdelag samla inn og levert flasker og boksar for bygdefolket, ut på hausten 2020 har det resultert i over 25.000 kr rett i bygdekassa.
Det heile starta ein dag styreleiar John Gerick Bårøy stod på butikken og automaten skreik om nåde, det må finnast ein betre måte å gjere dette på tenkte John.
- Eg tenkte at det sikkert er fleire som tenker som meg og ikkje treng pengane og hata og stå å pante, vist pengane gjekk til bygdelaget kunne det jo hende det var nokre som vil levere, fortel John
Med det starta John med undersøking om moglegheit for innsamling av flasker, han minnast å ha sett noko tidlegare på nett men hadde ikkje tenkt noko meir over det. Det tok ikkje lang tid før John kom over ordninga til Infinitum og tenkte at dette måtte vere per
fekt for bygdelaget.
Infinitum som er selskapet som driftar panteordninga i Noreg og har ei ordning der alle lag og organisasjonar som vil kan samle og levere pant. Det er og Infinitum som tar i mot det som blir panta gjennom butikk eller kiosk.
Viste du at alle som sel flasker og boksar med pant også skal kunne ta i mot panten din?
Frivillig ordning
- For meg betyr pengane ingenting, eg er berre glad eg vert kvitt dei. Og når du ikkje er flink meg å ta flaskene med deg når du skal på butikken, hopar det seg fort opp og du blir ståande å pante. Pantelotteriet har eg heller aldri vunne noko på, seier John
I mai 2018 tok han med seg idéen til styremøte i bygdelaget, dei tykte det var ein god idé og gjekk til innkjøp av pantesekkar for å sette prosjektet til livs. Lite viste dei kor populært det ville bli.
- Vi var usikker på kor mange som ville vere med å pante, fleire brukar nok anledninga til å gje pengane til ungane anten for å ha dei på børsa eller som laurdagsgodt.
Vi hadde ikkje noko å tape, kvar flaske eller boks ned i sekken er uansett 2-3 kroner som vi ikkje hadde fått, legg han til. John understrekar at ordninga er heilt frivillig og dei som vil pante sjølv på butikk kan gjere det.
Unngjekk lån i banken Kva går pengane til?
- Dei går inn i drifta av laget, og prosjekt vi held på med. Det er ingen spesifikke ting pengane blir sett av til.
Under rehabilitering av kjøkken og bygging av nytt tilbygg var inntekta frå panteinnsamlinga ein av fleire sentrale inntektskjelder som gjorde at laget unngjekk å måtte ta opp lån i banken.
- Sjølv om ikkje det var dei store summane var det heilt klart ein viktig faktor for at vi slapp unna lån, vi hadde på eit tidpunkt under 100kr på konto og utan desse pengane er det store sjansar for at vi hadde tatt opp lån eller måtte fire på noko. Det var noko vi jobba hardt for å unngå, fortel John
Bygdefolktet si ære
Ordningar fungera ved at husstandane som vi vere med hentar ein spesiell pantesekk som ligg ved bygdehuset på Kleiva, den rommar omtrent det same som to avfallsekkar så det er god plass i ein sekk. Når sekken er full returnerast sekken til bygdehuset og stripsast igjen og tar med seg ein ny sekk heim
Blir det ikkje ståande sekkar med pant rundt huset heile tida då?
- Nei, vi har faste tider for levering. Det er anna kvar månad, stort sett den fyste heile veka den aktuelle månaden, det er sett opp ei oversikt i tillegg til at eg skriv ei påminning på Facebook forklarar John, som må innrømme at det har gått over tida ved spesielle høve eller at han ret og slett gløymer det.
Så det er du sjå gjer alt?
- Om du meinar å skrive ei påminning på facebook, sett fram nye sekkar, sett klistrelappar og melde inn at det er klart for henting så er det vel kanskje det.
John påstår at det ikkje er han som gjer all jobben, det er det nemleg bygdefolket som står for. Han rettar ein stor takk og all ære til bygdefolket som gjer den store jobben, utan innsatsen frå dei hadde ikkje eg trengt å gjort noko heller seie John.
- At folk brukar ordningar er ingen sjølvfølge, at det kjem inn så mykje er berre kjekt. Det er jo tross opp til kvar enkelt om dei vil levere eller ikkje.
God butikk
Ved hjelp av strekkodar som må settast på kvar enkelt sekk kan dei fylje med på kor mange sekkar dei har sendt inn. Sidan fyrste sekk blei sendt i juni 2018 har Lifjorden Bygdelag sendt heile 75 sekkar til infinitum, det gir ein snitt på over 330 kr pr sekk.
Kor mange sekkar sende deke kvar gong?
- Det er litt varierande, nokre gongar er det berre 2, andre gongar mange fleire. Siste levering var på 14 sekkar, det er rekorden so langt, smiler John
Merkar deke noko til om det er sesongbaser som om sommaren?
- Så langt ser det ikkje slik ut, det nok litt meir rundt høgtidene men det er ein stor sekk å fylle so det er nok litt tilfeldig kor mange som kjem inn for kvar gong.
Tilbake til bygda
Ein av dei som pantar er Bjarte Hovland, han er ein flittig pantar og ryddar gjerne opp både heime og hos naboen. Å pante via bygdelaget har han gjort sidan det starta og tykkjer det er flott med eit slik tilbod.
- Det går jo til ein god sak, til bygdelaget og såleis tilbake til bygda. Det kostar å drive og slik kan eg vere med å bidra. Det er vel snart nye prosjekt seier Bjarte som synst det kunne vore litt meir veglys i bygda.
Berit Hovland pantar også via bygdelaget, ho har ikkje panta på butikken sidan innsamlinga starta.
- Det er viktig å støtte opp om det som er lokalt, det gjeld både loddsal og dei som treng støtte i lokalmiljøet. Ein ser jo at flaskepanting gjev pengar i kassen, det viser tala på pantepengar som bygdelaget har fått inn, serie ho.
Med så god respons håpar John at bygdelaget kan halde på med innsamling i mange år framover.
- Så lenge det er nokon som vil levere panten sin, skal eg ta jobben med å sende dei inn.
Comments