top of page

Bokbytteskap på Risnes

Forfatterens bilde: Lifjorden BygdelagLifjorden Bygdelag

Oppdatert: 4. okt. 2020

Har du studert skuret på Risnes?


Her kan du søke ly for regnet eller ta deg ein liten pause og bla i ei bok.

Du har sikkert sett det. Det skrå skuret som står på Risnes, i det du kjem over kanten og ser innatt over bygda. Av gamle stolpar, litt plank og torv på taket, ja til og med eit lite vindauge å sjå gjennom glir det ganske fint inn i terrenget.


Nytt liv


Skuret fungerte i mange år som busskur men slik er det ikkje lenger, ungane veks til og no har skuret fått nytt liv.

Skuret har fått innredning, benk, bord, stol, ja litt pynt og, Ser du godt etter ser du at det heng eit skåp på veggen. Går du litt nærmare ser du at det står <bokbytteskap> på ein lapp med fargerik skrift. Og har du fyrst komme deg så langt inn ser du kanskje at det er ein lapp på skapet også.

Der står det < Bokbytteskap- Ta ei bok du vil lese, og set att ei bok du trur andre vil lese.>

Ideen bak skapet på Risnes fekk Marit Dale Hatlem då ho såg eit liknade skap.

- Eg fekk ideen i Mandal for nokre år sidan, men fyrst i fjor fekk eg det i gong, seier Marit som tykte det var litt stilig og ville lage til eit liknade skap heime i Lifjorden.

Eit skap med bøker som ein kan bytte med andre er ikkje noko nytt fenomen men interessa har kanskje auka litt dei siste åra.

I desember 2019 opna nemleg Noregs fyrste bokdelingskiosk, den er omgjort av dei gamle raude telefonkioskane som er verna. Elles finn du mange liknande skap rundt om i Noreg.

Ei bok på turne


I ei av bøkene som i skrivande stund er å finne i skapet står det på ein lapp ei slags bruksanvisning.

Du finn og ein liten lapp med nummer på, dette er ID nummeret til boka. Slår du opp nummeret på denne sida kan du sjå kor den var vore på tur før om den som lånar boka har lagt det inn.

Denne boka stammar frå Solund, mon tru om den kom sjøvegen?

Er det mange som har vore innom å lånt med seg ei bok?

- Det er faktisk det! Vi laga det til i fjor vår og på sommaren var det ein del som bytte. Eg såg at det var utskiftingar på bøkene.

- Veldig mange stoppa og fotograferte når dei køyrde forbi, og noko satt seg inni for å ta bilde, det tykker Marit er litt stas.

Marit har ikke annonsert det anna enn ho har lagt det ut på sin eigen instagramkoto. - Det ikkje ute nokon plass, det er ikkje inne i noko system, fortel ho


Ein veit aldri kva ein kan finne, kanskje nokon har lagt den nye yndlingsboka di? 

Har du ei bok som du tykkjer er bra så er sjansen stor for at også andre kan tykkje det same. Ei bok er til for å lesast og delast, ikkje stå og samle støv i ei hylle. Du kan komme med kva som helst, og du kan finne kva som helst.

Alle som vil kan låne med seg ei bok. Er du i Lifjorden, ta gjerne turen ut på Risnes og innom bokbytteskåpet til Marit. Kanskje du finn deg ein godbit som du kan kose deg med.



 
 
 

Comments


bottom of page